|
|
Formål:
1. Laget vil arbeide for å auke forståinga for samanhengen mellom fortid og nåtid, og dei verdier vi bør ta vare på for framtidige slekter.
2. Laget vil arbeide for å samle og ta vare på skrifter og kulturminne som knytter seg til Levanger kommune, og legge dette til rette slik at flest mogleg kan ha nytte og glede av det innsamla materialet.
3. Å vere til hjelp for folk og institusjonar som ønskjer å arbeide med lokale spørsmål som ligg innafor arbeidsområdet til laget.
4. Å vere ein møtestad for dei som er interesserte i å kjenne sitt eige lokalsamfunn.
5. Å hjelpe til med utgjeving av kulturhistoriske skrifter i den utstrekning laget har hjelpemidler til det.
6. Historielaget kan ha underavdelingar som har særskilte arbeidsområde. Det skal settast opp særskilte reglar for slike avdelingar.
Medlemmer:
7. Alle som betaler årspengar til laget blir medlemmar av det. Årsmøtet fastset medlemspengar.
8. Laget står tilslutta Nord-Trøndelag Historielag.
Laget har årsmøte i tida januar/mars. Årsmøtet:
9. Det skal behandlast:
a. årsmeldinga frå styret b. rekneskapen c. arbeidsplan for neste år d. budsjett e. fastsetjing av årspengar f. velje leiar og 2 revisorar g. velje eit styre på 8 medlemmer. Funksjonstida er 2 år, slik at fire av dei står på valg kvart år. h. velje valnemnd på 3 medlemmer. i. Velje historielagets representantar til arkivrådet for den lokalhistoriske samlinga.
Årsmøtet skal innkallast med minst 14 dagars varsel.
10. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når 1/3 av medlemmene, eller styret ønskjer det.
Styret:
11. Styret leier laget mellom årsmøta, og må velje nestleiar, sekretær, kasserar og studieleiar mellom styremedlemmene.
Styret bør vera representert i alle utval
Styret bør ha eit arbeidsutval som består av : Leiar - nestleiar, sekretær og studieleiaren.
Styret har møte annankvar månad. Arbeidsutvalet har i tillegg møter når det er nødvendig.
Styret nemner opp representantar til årsmøtet i Nord-Trøndelag Historielag, og 1 representant til representantskapet i Levanger Museum.
Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og fire andre styremedlemmer er til stades.
Oppløysing:
12. Samlingar og anna materiell blir disponert av kulturstyret dersom laget skulle bli oppløyst.
Til toppen
|