| Vedtekter |
|
|
|
| Skrevet av Administrator | |
| Wednesday 26. March 2008 14:35 | |
|
Formål: Årsmøtet: 9. Det skal behandlast: a. årsmeldinga frå styret b. rekneskapen c. arbeidsplan for neste år d. budsjett e. fastsetjing av årspengar f. velje leiar og 2 revisorar g. velje eit styre på 8 medlemmer. Funksjonstida er 2 år, slik at fire av dei står på valg kvart år. h. velje valnemnd på 3 medlemmer. i. Velje historielagets representantar til arkivrådet for den lokalhistoriske samlinga. Årsmøtet skal innkallast med minst 14 dagars varsel. 10. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når 1/3 av medlemmene, eller styret ønskjer det. Styret: 11. Styret leier laget mellom årsmøta, og må velje nestleiar, sekretær, kasserar og studieleiar mellom styremedlemmene. Styret bør vera representert i alle utval Styret bør ha eit arbeidsutval som består av : Leiar - nestleiar, sekretær og studieleiaren. Styret har møte annankvar månad. Arbeidsutvalet har i tillegg møter når det er nødvendig. Styret nemner opp representantar til årsmøtet i Nord-Trøndelag Historielag, og 1 representant til representantskapet i Levanger Museum. Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og fire andre styremedlemmer er til stades. Oppløysing: 12. Samlingar og anna materiell blir disponert av kulturstyret dersom laget skulle bli oppløyst. |


