Lokalhistorie
| Plassnamn i Åsen |
| Wednesday 26. March 2008 12:18 | |
|
Arne Sigmund Vudduanet (Årbok 1983) Plassnamn i Åsen På same måte som ein gard skulle og ein husmannsplass ha eit eige namn. Medan det var berre ein husmann under ein gard, var det nok å bruke gardsnamnet og endinga -plassen. Når det sidan vart fleire plassar, var det og meir variasjon i bruken av namn. Eit anna namn som viser til den same ryddingsmåten, er -brannan eller -brentet, i Åsen brukt om plassar under Stokkan, Brenne, Skjesol og Undlien. Under Reinåsan var det ein plass som vart kalla Staupen, dette namnet viser at plassen vart rydda ved snauhogging, slik at det stod att store stubbar. Somme plassar fekk namn etter forma på dyrkajorda, døme på dette er Kringla under Spilset og Reita el. Reitan under Husby, Fossingan, Bragstad og Skjesol. Det var og plassar der jorda før hadde vore nytta til beite for husdyra på garden. Vi finn namnet Trøa på plassar under Mossing, Grenne og Aunan, og i forma Skogtrøa under Risberg, Hove og Undlien. Under Lo var det ein plass Hesttrøa, vi hadde Hestvolden under Leangen og Hesthagen under Hopla. I den nedre delen av bygda var fisket kanskje like viktig som jordbruket, og langs sjøen finn vi mange plassar med namn knytta til denne næringa. Det var Saltbua under Åvika, Saltbuavika under Leangen, Kastråa under Sundalen og Sjøstuggu under Hopla og under Leangen. Aundet var også eit mykje brukt plassnamn. Namnet kan vise attende til ein forsvunne gard, men kan og opphaveleg ha vore ei ståtteng som låg litt avsides til i utmarka. Døme her i bygda er Hibergsaunet, Husbyaunet, Augdalsaunet og Leangsaunet. I nærleiken av Leangsaunet var og plassen Frigården. Dette namnet kan kanskje setjast i samband med ein eventuell forsvunne gard, men kan og vere at Frigården var ein plass som det i utgangspunktet ikkje skulle svarast avgift av. Mange plassnamn i Åsen inneheld personnamn. Det er da ofte rydningsmannen som har fått knytta namnet sitt til plassen. Under Vedulan var det ein plass som var kalla Danielplassen, namnet har plassen truleg fått etter ein Daniel som budde der omkring 1760. Vi har Tronsveet under Augdal, namnet truleg etter Tron Bjørnson som var husmann under garden i 1660-åra. Vidare har vi Madsstykke under Vinan, der vi finn at Mads Olson var husmann i 1660-åra. Dessutan m.a. Sjurplassen under Hopla, Jogården under Risberg og Haldorstykket under Reinåsan. Dette er berre nokre døme på den store mengda med namn, som no for ein stor del held på å bli gløymde. |